907 67 324 seb@framtidsbygg.no

Oppføring av bygg

Oppføring av bygg

Totalentreprise

Framtidsbygg AS tilbyr entreprise i Bergen.
I totalentreprisen har entreprenøren som regel ansvar for prosjektering, gjennomføring og val av løysingar til prosjektet. Ein totalentreprise vert gjerne gjennomført på prosjekt der tiltakshavar ynskjer å ha minst mogleg risiko. Ved bruk av denne entrepriseforma vert det kun nytta ei kontrakt som omfattar både prosjektering og utføring. Tiltakshavaren har soleis minimalisert sin risiko og sitt ansvar, og har dermed mindre koordinerings- og kontrollbehov.

Delentreprise

Ved delt entreprise styrer tiltakshavaren alle kontraktar sjølv, og står soleis ansvarleg for alle dei ulike aktørane i prosessen.

Hovudentreprise

Hovudentreprise er ei entrepriseform der som regel alle bygningsmessige arbeid er samla hos ein entreprenør. Tiltakshavaren vil i tillegg opprette kontraktar med dei prosjekterande og tekniske entreprenørane utanom hovudentreprenørens kontrakt.

Fast avtalt påslag

Her avtaler ein kva jobb som skal utførast og gjer dette i samarbeid med tiltakshavaren. Det vert spelt med opne kort i forhold til rekneskapen på jobben, og tiltakshavaren vil ha ei sikker kontraktsform med låg risiko. Avtalt påslag vert avtalt i kvart enkelt tilfelle.

Generalentreprise

Her vert heile entreprisen levert av ein entreprenør, som sjølv engasjerer samtlege underleverandørar, også for dei tekniske faga. Generalentreprenøren har soleis det fulle ansvaret for utføringa av alle arbeid, og tiltakshavaren har berre ein kontaktspart. Prosjektering inngår ikkje i entreprenørens kontrakt og må teiknast med separate kontraktar/avtalar av tiltakshavaren.

Rekningsarbeid

Her gjer entreprenøren arbeidet etter medgått tid og materiell. Timepris og påslag på materiell vert avtalt på førehand. Enova tilbyr tips og tilskot til energitiltak i alle typar bygg.

Ta gjerne kontakt gjennom vårt kontaktskjema